Gassmotor frå Rolls-Royce klar for USA

Gassmotor frå Rolls-Royce klar for USA

Gassmotor frå Rolls-Royce klar for USA Maritime Bergen

 

Frå motorrommet på gassferga Boknafjord. Foto: Karl Otto Kristiansen/Fiskerstrand Verft

Rolls-Royce tek no steget inn i eit nytt stort marked etter at selskapet sin C-gassmotor vart

godkjend av The United States Environmental Protection Agency (EPA). Selskapet får

dermed løyve til å selje gassmotorar til USA.

 

– Dette markedet er strengt regulert av EPA, og det er ein gledens dag for oss når vi no

kan innta eit nytt kontinent med vår nyaste gassmotor, seier Robert Løseth, Senior VP –

Merchant, Propulsion Systems and Engines i Rolls-Royce.

 

Møter framtidige miljøkrav

 

Gassmotoren som vert produsert ved Rolls-Royce Bergen Engines på Hordvikneset,

reduserar drivstofforbruket, minimerar skadelege metanutslepp og møter allereie dei strenge

internasjonale miljøkrava som trer i kraft i 2016 (IMO Tier III), samt dei framtidige krava IMO Tier IV.

 

– Dette er gode nyheiter for det amerikanske markedet sidan LNG heilt klart er framtidas

drivstoff. Med våre nyskapande fartøydesign og gassbaserte framdriftssystem vil vi kunne

redusere livsløpkostnadar og forbetre driftseffektivitet for rederia, samtidig som ein reduserer

kraftig i skadelege utslepp, seier Løseth.

 

Verdas største gassferge, Boknafjord, nyttar gassmotoren som no er godkjend i USA. Foto: Karl Otto Kristiansen/Fiskerstrand Verft

 

C-motoren er allereie godt etablert i det europeiske markedet, og hittil er C-motoren installert

om bord i bil- og passasjerferjer, i offshorefartøy, og tauebåtar. I Norge kan ein nemne

verdas største gassferge Boknafjord eigd av Fjord1, offshorebåtane Island Crusader og

Island Contender eigd av Island Offshore, og verdas første gassdrevne tauebåtar eigd av

Bukser og Berging som skal i drift for Statoil på Kårstøanlegget. I det amerikanske markedet

vil ein selje motorane inn mot tugbåtar, ferjer, kystfartøy og offshore fartøy. Motoren er også høveleg for fiskefartøy.

 

Kraftig reduksjon i utslepp

 

Gassmotoren med namn C26:33 reduserar utsleppa av CO2 med 22 prosent samanlikna

med konvensjonelle dieselmotorar. NOx-utsleppa vert reduserte med 92 prosent, medan

utslepp av SOx og partiklar er ubetydelige. C26:33 reduserer også drastisk i metanutsleppa,

som til no har vore bakdelen med gassmotorar.


 

0

MEDLEMSBEDRIFTER

0

ARBEIDSOMRÅDER

0

BÆREKRAFTSMÅL

Hovedsamarbeidspartnere

Personvernerklæring for Maritime Bergen

Personvernerklæringen skal sikre at virksomheter som er medlem i Maritime Bergen er informert om hvilke opplysninger som blir samlet inn og lagret om medlemmene. Personvernerklæringen inneholder opplysninger om hvordan vi benytter personopplysninger, hvordan vi bruker opplysningene, hvem som er ansvarlig og hvordan vi sikrer medlemmenes rettigheter ihht. oppdatering av regler i personlovgivning av 25. mai 2018.

Les mer

Click to enable/disable Google Analytics tracking code.
Click to enable/disable Google Fonts.
Click to enable/disable Google Maps.
Click to enable/disable video embeds.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Ved å fortsette på nettstedet, godtar du bruken av informasjonskapsler