Fartøyet skal operere i farvatnet utanfor kysten av India og rundt øyane Andaman og Nicobar, med ansvar for vedlikehald og utskifting av navigasjonsmerker og bøyer. Eigar av skipet er Directorate General of Lighthouses and Lightships, eit direktorat underordna India sitt skipsfartsdepartement. Fartøyet skal vere klar for levering i 2015.
– Det er ei glede å skrive kontrakt med Directorate General of Lighthouses and Lightships igjen. Vi har tidlegare levert utstyr til deira eksisterande fartøy, derfor er det ekstra gledeleg at dei i tillegg no valte Rolls-Royce design når dei utvidar flåten sin, seier Per Kristian Furø, salgssjef i Rolls-Royce, Ship Technology Offshore.
Bøyefartøyet av typen UT 755 S-design er ein kundetilpassa variant av den anerkjente UT 755 serien, og skal blant anna ha hovedmotorar, framdriftssystem, automasjon og kontrollsystem, dekkmaskineri samt akselgeneratorar frå Rolls-Royce.
– Samarbeidet med Cochin går mange år tilbake, og dei har god erfaring med bygging av Rolls-Royce design. Vi ser fram til å fylgje både reiar og verft i byggeperioden, seier Furø.
Cochin Shipyard Ltd. har hittil bygd over tjue Rolls-Royce design, og leverte ein UT 755 CD tidlegare denne månaden, med neste i rekkja klar for levering i september.